Zechariah 7NO1978NN

1I det fjerde styringsåret åt kong Dareios, den fjerde dagen i den niande månaden, kislev månad, kom Herrens ord til Sakarja.

2Betel sende då Sareser og Regem-Melek og mennene hans for at dei skulle be Herren om nåde

3og spørja prestane som gjorde teneste i huset åt Herren, Allhærs Gud, og profetane: «Er det så at eg skal gråta og fasta i den femte månaden, som eg har gjort i mange år?»

4Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så:

5Sei til heile folket i landet og til prestane: «Når de har fasta og klaga i den femte og i den sjuande månaden, og det i samfulle sytti år, er det då meg de har fasta for?

6Når de et og drikk, er det då ikkje de sjølve som et og drikk?»

7Kjenner de ikkje dei orda som Herren forkynte gjennom dei førre profetane, den gongen folket i Jerusalem og i byane rundt ikring budde i fred og ro, då det budde folk i Negev og Sjefela?

8Herrens ord kom til Sakarja, og det lydde så:

9Så seier Herren, Allhærs Gud. Fell rettvise domar, og ver gode og miskunnsame, ¬kvar mot sin bror!

10Far ikkje hardt fram mot enkjer og farlause, ¬framande og armingar! Og ingen av dykk ¬må i sitt hjarta tenkja ut vondt mot andre.

11Men dei ville ikkje høyra; dei gjorde nakken stiv og øyro døve, så dei skulle sleppa å høyra.

12Hjarta gjorde dei hardt som flint, så dei lét vera å høyra på lova og dei orda som Herren, Allhærs Gud, hadde sendt ved sin Ande gjennom dei førre profetane. Då kom det stor vreide frå Herren, Allhærs Gud.

13Dei ville ikkje høyra når han ropa. Difor sa Herren, Allhærs Gud: Eg vil ikkje høyra når dei ropar.

14Eg bles dei bort mellom alle folka som dei ikkje kjende. Landet låg audt etter dei, og ingen ferdast att og fram der. Såleis gjorde dei det herlege landet til ei øydemark.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.