Zechariah 6NO1978NN

1Så lyfte eg augo att og fekk sjå fire vogner som kom fram mellom to fjell; fjella var av kopar.

2For den fyrste vogna var det raude hestar; for den andre vogna var det svarte hestar;

3for den tredje vogna var det kvite hestar, og for den fjerde vogna var det flekkete, raude hestar.

4Då tok eg til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder desse, herre?»

5Engelen svara og sa til meg: «Det er dei fire himmelvindane, som fer ut etter at dei har stige fram for han som er herre over all jorda.

6Vogna med dei svarte hestane fer mot landet i nord, og dei kvite fylgjer etter. Dei flekkete fer mot landet i sør.»

7Då fór dei raude ut, og dei var ihuga etter å koma i veg og fara ut over jorda. Då sa han: «Av stad og far ut over jorda!» Så fór dei av stad ut over jorda.

8Då ropa han til meg: «Sjå, dei som fer mot landet i nord, skal la min Ande finna ro der nord.»

9Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

10Ta imot gåver frå dei landlyste, frå Heldai, Tobia og Jedaja, og gå den dagen inn i huset til Josjia, son til Sefanja, dit dei er komne frå Babylonia.

11Og ta imot sølv og gull og lag kroner! Kron så Josva Jehosadaksson, øvstepresten,

12og sei til han: Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, det kjem ein mann, hans namn er Renning, under han skal det renna ¬og gro. Han skal byggja ¬Herrens tempel,

13ja, han skal byggja ¬Herrens tempel. Han skal vinna ære og makt. På sin kongsstol ¬skal han sitja og styra; ved hans kongsstol ¬skal det vera ein prest, og mellom dei ¬skal det rå fred.

14Kronene skal vera i Herrens tempel til minne om Helem, Tobia, Jedaja og Hen, son til Sefanja.

15Folk skal koma frå land ¬langt borte og vera med ¬og byggja Herrens tempel. Då skal de sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk. Dette skal henda ¬dersom de lyder ordet frå Herren dykkar Gud.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.