Zechariah 5NO1978NN

1Då eg lyfte augo att, fekk eg sjå ein flygande bokrull.

2Engelen spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull som er tjue alner lang og ti alner brei.»

3Så sa han til meg: Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Frå no av skal kvar tjuv rydjast ut etter det som står i bokrullen, og kvar den som sver, skal frå no av rydjast ut etter det som står der.

4Eg sender ut forbanninga, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud. Ho skal koma inn i huset ¬til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ¬ved mitt namn, og ho skal slå seg til ¬i huset deira og øydeleggja det, ¬både treverk og stein.

5Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no augo og sjå kva som der kjem fram.»

6Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det som der kjem fram, er eit efa-mål.» Så sa han: «Dette er det ein kan sjå i heile landet.»

7Men sjå, då blyloket vart lyft opp, sat det ei kvinne i efa-målet.

8«Dette er vondskapen,» sa han. Så kasta han henne ned att i efa-målet og la blysteinen over opninga.

9Eg lyfte augo og fekk sjå to kvinner som kom fram. Vinden fylte vengene deira, for dei var som storkevenger. Dei lyfte efa-målet opp mellom himmel og jord.

10Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med efa-målet?»

11Han svara: «Dei skal til Sinear-landet og byggja eit hus åt henne. Når det er ferdig, skal ho setjast ned der på sin stad.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.