Zechariah 4NO1978NN

1Engelen som tala med meg, vekte meg ein gong til, som når ein mann vert vekt or svevnen.

2Han spurde meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er av gull heilt igjennom. På toppen har han ei oljeskål og sju lamper med sju røyrer til kvar av lampene, som sit øvst på han.

3Attmed staken står to oliventre, eitt til høgre for oljeskåla og eitt til venstre.»

4Eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva tyder dette, herre?»

5Engelen som tala med meg, sa: «Veit du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre.»

6Då tok han til ords og sa til meg: Dette er Herrens ord ¬til Serubabel: Ikkje med makt ¬og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud.

7Kven er vel du, ¬du mektige fjell? Framfor Serubabel ¬skal du verta ei slette. Han skal føra fram ¬toppsteinen, medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med han!»

8Herrens ord kom til meg, ¬og det lydde så:

9Serubabels hender ¬har tufta dette huset, og hans hender ¬skal fullføra det. Då skal du sanna at Herren, Allhærs Gud, ¬har sendt meg til dykk.

10Ja, alle som har vanvørdt den dagen då det tok til ¬i det små, skal gleda seg når dei får sjå blyloddet i Serubabels hand. – Dei sju, det er Herrens augo som fer over heile jorda.

11Då tok eg til ords og spurde han: «Men kva tyder dei to oliventrea som står til høgre og til venstre for ljosestaken?»

12Atter tok eg til ords og spurde: «Kva tyder dei to olivengreinene attmed dei to gullrøyrene som leier den gylne oljen ned frå dei?»

13Han sa til meg: «Veit du ikkje kva dei tyder?» «Nei, herre,» svara eg.

14Då sa han: «Det er dei to som er salva med olje. Dei står framfor han som er herre over all jorda.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.