Zechariah 8NO1978NN

1Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, og det lydde så:

2Så seier Herren, Allhærs Gud: Eg er full av brennhug for Sion, med stor harme ¬brenn eg for det.

3Så seier Herren: Eg vender attende til Sion, midt i Jerusalem vil eg bu. Jerusalem skal kallast ¬Truskapsbyen, og berget åt Herren, ¬Allhærs Gud, skal kallast Det heilage fjellet.

4Så seier Herren, Allhærs Gud: Atter skal gamle menn ¬og kvinner sitja på torga i Jerusalem, alle med stav i hand fordi dei er så gamle.

5Og torga i byen skal fyllast av gutar og jenter ¬som leikar seg der.

6Så seier Herren, Allhærs Gud: Om dette synest umogeleg for dei som då er att ¬av dette folket, skulle det vera umogeleg ¬for meg òg? lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

7Så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg frelser folket mitt frå landa i aust og i vest.

8Eg fører dei heim; midt i Jerusalem skal dei bu. Dei skal vera mitt folk, og i truskap og rettferd vil eg vera deira Gud.

9Så seier Herren, Allhærs Gud: Ver modige, de som i denne tid høyrer desse orda frå dei same profetane som tala den dagen då grunnvollen vart lagd til huset åt Herren, Allhærs Gud, til templet som skulle byggjast.

10For før den tida hadde korkje folk eller fe noko att for strevet sitt. Korkje dei som gjekk ut eller dei som kom inn, fekk vera i fred for fienden, for eg sleppte alle menneske laus på kvarandre.

11Men mot den resten som er att av dette folket, vil eg ikkje vera som før i tida, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

12I fred skal dei så; vintreet skal bera frukt, jorda skal gje grøde og himmelen dogg. Dei som er att av dette folket, skal få alt dette i eige.

13Liksom de har vore ei forbanning mellom folkeslaga, du Juda-ætt og du Israels-ætt, skal de verta til velsigning når eg frelser dykk. Ver ikkje redde, men frimodige!

14For så seier Herren, Allhærs Gud: Liksom eg sette meg føre å senda ulukke over dykk den gongen fedrane dykkar eggja meg til vreide, seier Herren, Allhærs Gud, og eg ikkje endra mitt forsett,

15har eg i desse dagar vendt om og sett meg føre å gjera vel mot Jerusalem og Juda-ætta. Ver ikkje redde!

16Dette er dei bod de skal halda: Tal sanning, ¬kvar med sin neste! På tinget skal de fella domar som kviler på sanning ¬og skaper fred.

17Tenk ikkje ut vondt ¬mot kvarandre, og elska ikkje rang eid! For alt slikt hatar eg, lyder ordet frå Herren.

18Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, til meg, og det lydde så:

19Så seier Herren, Allhærs Gud: Fastedagane i den fjerde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta til hugnad og glede for Juda-ætta og til herlege høgtidsdagar. Men elska sanning og fred!

20Så seier Herren, Allhærs Gud: Endå ein gong skal det koma folkeslag, ja, folk frå store byar,

21og folket i den eine byen skal fara til den andre og seia: «Kom, lat oss gå og be Herren om nåde, lat oss søkja Herren, Allhærs Gud! Eg òg vil gå med.»

22Mange folk og mektige folkeslag skal koma og søkja Herren, Allhærs Gud, i Jerusalem, og be Herren om nåde.

23Så seier Herren, Allhærs Gud: I dei dagar skal ti menn av alle tungemål og folk ta fatt i kappesnippen åt ein jødisk mann og seia: «Lat oss få gå med dykk, for vi har høyrt at Gud er med dykk.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Zechariah 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.