1Men du skal tala i samsvar med den sunne læra:
2Eldre menn skal vera edruelege, fara verdig og visleg fram, vera heile både i tru, kjærleik og tolmod.
3Like eins skal eldre kvinner bera seg åt som det sømer seg for heilage. Dei skal ikkje fara med baktale eller liggja under for drikk, men vera rettleiarar i det gode,
4så dei kan læra dei unge kvinnene å elska mann og born,
5leva sømeleg og reint, vera gode husmødrer og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal verta spotta.
6Dei unge mennene skal du formana til å vera støe i all si ferd.
7Ver sjølv eit føredøme for dei i gode gjerningar! Lat læra vera uforfalska, og ber henne fram med alvor!
8Då vert forkynninga di sunn og ulastande, og kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss.
9Trælane skal vera lydige mot herrane sine i alt, og retta seg etter dei utan å seia imot.
10Dei må ikkje stikka noko til sides, men alltid vera ærlege og true, så dei i eitt og alt kan vera til prydnad for Guds, vår frelsars lære.
11For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske.
12Og hans nåde oppsedar oss til å seia nei til gudløyse og verdslege lyster og leva i sjølvtukt, rettferd og gudsfrykt i den verda som no er,
13medan vi ventar på at vona vår skal få si sæle oppfylling, og at vår store Gud og frelsar Kristus Jesus skal koma til synes i herlegdom.
14For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville fria oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med ihuge gjer gode gjerningar.
15Dette skal du forkynna, og med kraft skal du påminna og visa til rettes. Lat ingen sjå ned på deg!