1Minn dei om at dei skal underordna seg styremaktene, retta seg etter dei og vera viljuge til å gjera alt som er godt.
2Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske.
3For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vilt og var trælar under mange slag lyster og ynske. Vi levde i vondskap og misunning, vart hata og bar hat til kvarandre.
4Men vår Gud og frelsar lét sin godleik og kjærleik til alle menneske verta openberra.
5Og han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som atterføder og fornyar ved Den Heilage Ande,
6som han i rikt mål har rent ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar.
7Så skulle vi ved hans nåde stå rettferdige for Gud og verta arvingar til det evige livet, som er vår von.
8Dette er eit truverdig ord, og eg vil at du skal prenta inn det eg har sagt, så dei som er komne til tru på Gud, skal leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Alt dette er godt og gagnleg for menneska.
9Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du halda deg ifrå; slikt er gagnlaust og meiningslaust.
10Ein som fer med vrang lære, skal du tala til rettes, ein gong og to gonger, og så visa han frå deg.
11Du kan vera trygg på at ein slik mann er på avvegar. Han syndar og har dømt seg sjølv.
12Når eg sender Artemas eller Tykikus til deg, må du skunda deg og koma til meg i Nikopolis; der har eg tenkt å vera vinteren over.
13Zenas, den lovkunnige, og Apollos skal du med omhug hjelpa i veg, så dei ikkje vantar noko.
14Våre folk òg lyt læra å gjera gode gjerningar når det måtte trengast, så livet deira ikkje skal vera utan frukt.
15Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa alle som elskar oss fordi vi har den same tru. Nåden vere med dykk alle!