Titus 1NO1978NN

1Frå Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel, som er sett til å føra Guds utvalde til tru og læra dei å kjenna den sanning som gjev gudsfrykt

2og von om evig liv. Det har Gud, han som ikkje kan lyga, gjeve lovnad om frå æva av,

3og til fastsett tid har han openberra sitt ord i den bodskapen som er meg tiltrudd etter påbod frå Gud, vår frelsar.

4Eg helsar Titus, min eigen son i vår sams tru. Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!

5Eg lét deg vera att på Kreta så du skulle få skikk på det som endå var ugjort. Du skal setja inn eldste i kvar by, som eg baud deg.

6Ein eldste må det ikkje vera noko å seia på: Han skal vera mann til éi kvinne, borna hans må vera truande, ikkje trassige og ikkje kunna klagast for å leva eit vilt liv.

7For ein tilsynsmann er Guds hushaldar, og det må ikkje vera noko å seia på han. Han må ikkje vera sjølvrådig, bråsint, drikkekjær eller hardhendt og ikkje lysten etter låk vinning.

8Men han skal vera gjestmild og glad i det gode, visleg og rettvis, ha age for Gud og vera herre over seg sjølv.

9Han må halda seg til det truverdige ord i samsvar med læra. Då er han skikka både til å rettleia etter den sunne læra og visa at dei som talar imot, tek feil.

10For det er mange som ikkje vil underordna seg, serleg mellom dei omskorne. Dei fer med tomt snakk og fører folk vilt.

11Du må målbinda dei, for dei fører ulukke over heile huslydar når dei for eiga vinning skuld spreier ei lære som ikkje er rett.

12Ein mann frå Kreta, ein av deira eigne profetar, har sagt: «Kretarar har alltid vore lygnarar, arge villdyr, grådige og late!»

13Dette ordet er sant. Difor skal du refsa dei strengt, så dei kan få ei sunn tru.

14Dei må ikkje fara med jødiske mytar og bod, gjevne av menneske som har vendt seg frå sanninga.

15Alt er reint for dei reine, men for dei ureine og vantruande er ingen ting reint; hjå dei er både vitet og samvitet ureine.

16Dei seier om seg sjølve at dei kjenner Gud, men med gjerningane sine fornektar dei han. Dei er avskyelege og ulydige og duger ikkje til å gjera noko godt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Titus 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.