Song of Solomon 6NO1978NN

1«Kvar er din ven faren, du fagraste av kvinner? Sei, kvar har din ven ¬teke vegen, så vi kan vera med deg ¬og leita.»

2«Min ven gjekk ned ¬i hagen sin, til dei angande blomesenger. Han ville gjæta i hagane og sanka liljer der.

3Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer.»

4Du er fager som Tirsa, ¬min hugnad, yndefull som Jerusalem, ageleg som ein hær ¬under merke.

5Vend augo dine frå meg, dei villar meg. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter ¬Gileads fjell.

6Dine tenner er som sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam.

7Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret.

8Seksti dronningar er der, åtti fylgjekoner og terner utan tal.

9Men berre ei er mi due, mi lytelause, reine, einaste barnet til mor si, gullabarnet åt ho ¬som fødde henne. Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl; dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.

10«Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden, fager som fullmånen, ¬skir som sola og ageleg ¬som ein hær under merke?»

11Eg gjekk ned i natahagen, ville sjå kor det grønkast ¬i dalen, om vintreet hadde sett ¬nye skot, om granataplane blømde.

12Men før eg vardest, fylgde eg mine hugskot og steig opp ¬i min gjæve frendes vogn.

13«Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente! Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!» «Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jenta når ho rekkjedansen trør?»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.