Song of Solomon 7NO1978NN

1Kor fagert du skrid fram ¬i dine skor, du gjæve hovdingdotter! Hoftene dine rundar seg ¬som ei sølje, smidd av kunstnarhand.

2Fanget ditt ¬er som runde staupet, gjev det aldri må vanta vin! Magen er som ein kveitehaug med liljer ikring.

3Barmen er som to rådyrkalvar, tvillingar til ei hind.

4Halsen din ¬er som eit elfenbeinstårn, augo som Hesjbons tjørner ved Bat-Rabbim-porten. Nasen liknar Libanon-tårnet som skodar ut mot Damaskus.

5Hovudet ris som Karmel, hårflaumen er som purpur. Ein konge er fanga ¬i dine lokkar.

6Kor fager, kor yndefull du er, du mi kjære, du min hugnad!

7Rakvaksen er du som palma, som druer er din barm.

8Eg bed: ¬Lat meg stiga opp i palma, i greinene vil eg ta tak. Som druer på vintreet ¬vere din barm, din ande som angen av eple,

9din munn som den finaste vin. «Lat han kveikja munnen ¬på min ven, lat han gli over lipper ¬og tenner!»

10Eg høyrer venen min til, og til meg står heile hans trå.

11Kom, min ven! ¬Lat oss gå ut på markene! Om natta vil vi sova ¬under hennabuskar.

12I otta går vi til vingardane og ser om vintreet ¬har sett nye skot, om blomeknuppane ¬har opna seg, om granataplane blømer. Der vil eg gje deg min kjærleik.

13Kjærleiksepla angar. Over vår dør ¬heng dei gildaste frukter av alle slag, nye og gamle. Til deg, min ven, ¬har eg gøymt dei.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.