Song of Solomon 5NO1978NN

1«Eg kjem til min hage, ¬mi syster, mi brur, og plukkar min myrra ¬og balsam. Eg et min honning ¬og mi honningkake og drikk min vin og mi mjølk.» Ja, et og drikk, mine vener, og lat kjærleiken riva ¬dykk med!

2Eg søv, men mitt hjarta vaker. Høyr, min ven, han bankar på. «Lat opp for meg, mi syster, min hugnad, mi due, du lytelause, reine. For mitt hovud ¬er fullt av dogg, natta har vætt mine lokkar.»

3«Eg har teke av meg kjolen, skal eg ta han på att? Eg har vaska mine føter, skal eg sulka dei til att?»

4Min ven stakk handa inn ¬gjennom luka, då kløktest mitt hjarta ¬for hans skuld.

5Eg stod opp, ¬ville opna for min ven; det draup myrra ¬av hendene mine, av fingrane rennande myrra som vætte dørklinka.

6Så opna eg døra for min ven, men min ven ¬hadde fare sin veg. Eg vart reint ifrå meg ¬fordi han var borte. Eg leita etter han, ¬men fann han ikkje; eg ropa på han, ¬men han gav ikkje svar.

7Då møtte eg vaktmennene som sveiv ikring i byen. Dei slo meg så eg fekk sår. Dei reiv sjalet av meg, vaktmennene på murane.

8«Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer! Om de finn min ven, kva skal de då seia han? At eg er sjuk av kjærleik.»

9«Kva er din ven framom andre, du fagraste av kvinner? Kva er din ven framom andre, sidan du naudbed oss så?»

10Min ven er raudleitt og ljos, han skil seg ut ¬mellom ti tusen menn.

11Hans hovud ¬er som det skiraste gull, og lokkane krusa, ¬svarte som ramnen.

12Augo er som duer ved rennande bekker. Dei laugar seg i mjølk, der dei kviler i sine holer.

13Hans kinn ¬er som angande ¬blomesenger, der krydde-urter veks. Lippene er som liljer, dei dryp av rennande myrra.

14Armane er som stavar av gull, sette med krysolittar, midja er ¬som ei elfenbeins-skive, prydd med safirar.

15Leggene er som marmorsøyler, reiste på soklar av gull. Hans skapnad er som Libanon, traust som sedrane der.

16Munnen er full av ynde, og hugnad er heile han. Så er min ven, ¬så er min kjære, de Jerusalems døtrer.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.