Song of Solomon 4NO1978NN

1Kor fager du er, ¬min hugnad! Kor fager du er! Dine augo attom sløret ¬er som duer. Ditt hår er som ein geiteflokk, dansande nedetter Gileads ¬fjell.

2Dine tenner ¬er som nyklypte sauer, nett komne or laug. Tvillingar har dei alle, og ingen av dei ¬har mist sine lam.

3Dine lipper ¬er som ei skarlaksnor, og yndefull er din munn. Som ei skive av eit granateple er di panne attom sløret.

4Din hals er som Davids-tårnet, bygt til våpenhus. Tusen skjold heng der inne, alle er skjold åt kjemper.

5Din barm ¬er som to rådyrkalvar, som tvillingar åt ei hind, beitande mellom liljer.

6Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr, går eg til myrraåsen, til haugen der røykjelse angar.

7Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad. Det finst ikkje lyte på deg.

8Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur, kom med meg frå Libanon! Stig ned frå Amanas tind, frå toppen av Senir ¬og Hermon, frå løveheimar, frå panterfjell.

9Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur. Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast, med ei av lekkjene om din hals.

10Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur! Din kjærleik er betre enn vin, og angen av dine salvar meir ljuvleg enn balsam.

11Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur. Honning og mjølk ¬er under di tunge. Angen av kleda dine er som angen på Libanon.

12Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur, ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla.

13Dine lemer er som ein lund ¬av granataplar med den gildaste frukt, av hennabuskar ¬og nardusplanter,

14nardus, krokus, kalmus ¬og kanel og angande tre av alle slag, myrra, aloë ¬og alle slag balsam.

15Du er som kjelda i ein hage, ei oppkome ¬med sildrande vatn, som bekker frå Libanon.

16«Vakna, nordavind! Kom, sønnavind! Blås igjennom min hage, så angen får strøyma fritt. Gjev min ven ville koma ¬til sin hage og eta hans herlege frukt!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.