1Om natta leita eg på lægjet etter han ¬som leikar i min hug. Eg leita, men fann han ikkje.
2«Eg vil opp ¬og gå ikring i byen og leita på gater og torg etter han som leikar ¬i min hug.» Eg leita, men fann han ikkje.
3Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen: «Har de sett han ¬som leikar i min hug?»
4Eg hadde ikkje før gått frå dei, så fann eg han ¬som leikar i min hug. Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkje før eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi, i koven åt ho som fødde meg.
5Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer, ved gasellane ¬og hindane i marka: Vekk ikkje kjærleiken! Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!
6Kva er det som stig opp ¬frå øydemarka som ei røyksøyle, omfløymd av angande myrra ¬og røykjelse og kræmarkrydder ¬av alle slag?
7Sjå, det er Salomos berestol med seksti kjemper ikring av Israels djervaste menn.
8Alle er væpna med sverd og vel røynde i strid. Kvar mann ber sverd ved lend til vern mot skræmsler i natta.
9Kong Salomo laga ein berestol av tre frå Libanon.
10Stengene gjorde han av sølv og ryggstøet av gull. Sessen er kledd med purpur og innsidene prydde med ler.
11Kom ut, Jerusalems døtrer! Skoda kong Salomo, ¬Sions døtrer! Sjå krona som mor hans prydde han med ¬på bryllaupsdagen, hans hjartans glededag.