Song of Solomon 2NO1978NN

1Ei rose frå Saron er eg, ei lilje i dalane.

2«Som ei lilje mellom klunger, så er min hugnad ¬mellom møyar.»

3Som ein apal ¬mellom trea i skogen, så er min ven ¬mellom unge menn. I hans skugge ¬er det hugnad å sitja, hans frukt er søt i min munn.

4Inn i vinhuset ¬har han ført meg; hans merke over meg ¬er kjærleik.

5Styrk meg med druekaker, kveik meg med eple! For eg er sjuk av kjærleik.

6Hans venstre hand ¬er under mitt hovud, med den høgre ¬femner han meg.

7Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer, ved gasellane ¬og hindane i marka: Vekk ikkje kjærleiken! Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!

8Høyr, det er min ven. Sjå der, han kjem springande over heiane, hoppande over haugane.

9Min ven er som gasellen, han liknar den unge hjort. Sjå, der står han ¬bortmed husveggen; han glytter inn ¬gjennom gluggen og ser inn mellom sprinklane.

10Min ven tek til ords ¬og seier: Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy!

11For sjå, vinteren er til endes, regnet har kvorve.

12Blomane sprett på vollane; songtida er komen, og turteldua kurrar i landet.

13Frukta på vintreet raudnar, og det angar av vintre i blom. Stå opp, min hugnad! Kom ut, mi fagre møy!

14Du mi due på berghylla, i livd under flogbratte fjell, lat meg få sjå din skapnad, lat meg få høyra ditt mæle! For di røyst er så mjuk og din skapnad så fager.

15Fanga revane for oss, dei små revane ¬som herjar i vingardane. For no står våre vingardar ¬i blom.

16Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter mellom liljer.

17Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr, kom att, min ven! Fly som gasellen ¬og den unge hjort over balsam-angande fjell!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Song of Solomon 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.