Revelation 15NO1978NN

1Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført.

2Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene

3og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet: Store og underfulle ¬er dine gjerningar, Herre Gud, du Allmektige. Rettferdige og sanne ¬er dine vegar, du konge over alle folkeslag.

4Kven skulle ikkje ottast deg, ¬Herre, og æra ditt namn? For einast du er heilag. Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt åsyn, fordi dine rettferdige domar ¬har vorte openberre.

5Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna.

6Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.

7Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve.

8Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.