Revelation 16NO1978NN

1Så høyrde eg ei høg røyst frå templet som sa til dei sju englane: «Gå av stad og tøm dei sju skålene med Guds vreide ut over jorda!»

2Då gjekk den fyrste og tømde si skål ut over jorda. Og vonde, farlege svullar braut ut på dei menneska som bar merket åt dyret, og som tilbad biletet av dyret.

3Den andre engelen tømde si skål i havet, og det vart til blod som av ein død, og alt liv i havet døydde.

4Den tredje engelen tømde si skål i elvane og kjeldene, og dei vart til blod.

5Og eg høyrde engelen over vatnet seia: «Rettferdig er du som dømer slik, du som er og som var, du heilage.

6For dei har rent ut blod frå heilage menn og profetar, og du har gjeve dei blod å drikka. Det har dei fortent.»

7Og eg høyrde altaret seia: «Ja, Herre Gud, du Allmektige, sanne og rettferdige er dine domar.»

8Den fjerde engelen tømde si skål ut over sola. Då fekk ho makt til å svi menneska med eld,

9og menneska vart brende i sterk hete. Likevel spotta dei Guds namn, han som har makt over desse plagene, og dei vende ikkje om og gav Gud ære.

10Den femte engelen tømde si skål ut over kongsstolen åt dyret. Då vart riket til dyret lagt i mørker, og folk beit seg i tunga av pinsle.

11Men pinslene og svullane deira gjorde at dei spotta Gud i himmelen, og dei vende ikkje om frå sine gjerningar.

12Den sjette engelen tømde si skål i den store elva Eufrat. Då turka vatnet i elva bort, så det kunne rydjast veg for kongane frå Austerland.

13Og eg såg at det kom tre ureine ånder or gapet på draken og or gapet på dyret og or munnen på den falske profeten; dei likna froskar.

14Dette er djevleånder som gjer under og teikn, og dei går ut til kongane i heile verda og vil samla dei til krigen på den store dagen åt Gud, Den Allmektige. –

15«Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og som vaktar kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –

16Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

17Den sjuande engelen tømde si skål i lufta. Då høyrdest det frå kongsstolen i templet ei veldig røyst som sa: «Det har hendt!»

18Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levt menneske på jorda – så kraftig var det.

19Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folka vart lagde i grus. Gud kom i hug det store Babylon, og det laut ta imot staupet med hans harme- og vreidevin.

20Kvar øy vart borte, og fjella fanst ikkje meir.

21Svære hagl på hundre pund fall ned frå himmelen over menneska. Men dei spotta Gud for den plaga som haglet var, for plaga var fælsleg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.