Revelation 14NO1978NN

1I same synet fekk eg sjå Lammet stå på Sion-fjellet, og saman med det dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far åt Lammet skrive på panna.

2Frå himmelen høyrde eg ein lyd som brusen av veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine.

3Og dei song ein ny song framfor kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.

4Det er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som møyar. Det er dei som fylgjer Lammet kvar det går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei fyrstegrøde for Gud og Lammet.

5Det vart ikkje funne lygn i deira munn; dei er utan lyte.

6Eg såg endå ein engel, som flaug høgt oppe under himmelkvelven. Han hadde eit evig evangelium å forkynna for dei som bur på jorda, for alle folkeslag og ætter, tungemål og folk.

7Og han ropa med høg røyst: «Ottast Gud og gjev han æra! For no er timen komen då han skal halda dom. Tilbed han som skapte himmel og jord, hav og kjelder!»

8Så fylgde ein annan engel etter, og han ropa: «Fallen, fallen er Babylon den store, ho som med sitt horeliv har skjenkt vin til alle folkeslag, ein vreidevin.»

9Ein tredje engel fylgde etter dei og ropa med høg røyst: «Om nokon tilbed dyret og biletet av det og tek imot merket på panna eller handa,

10skal han drikka av Guds vreidevin, som er skjenkt ublanda i hans harmes skål; og han skal pinast med eld og svovel for augo på dei heilage englane og Lammet.

11Røyken frå pinsla deira stig opp i all æve, og dei har ikkje ro natt eller dag, dei som tilbed dyret og biletet av det, og alle som tek namnet åt dyret til merke.»

12Her gjeld det at dei heilage held ut, dei som held fast på Guds bod og trua på Jesus.

13Frå himmelen høyrde eg ei røyst som sa: «Skriv: Sæle er dei døde som døyr i Herren heretter! Ja, seier Anden, dei skal få kvila frå strevet sitt, for gjerningane deira fylgjer med dei.»

14Då såg eg ei kvit sky, og på skya sat ein som var lik ein menneskeson. Han hadde ei gullkrone på hovudet og ein kvass sigd i handa.

15Og ein annan engel kom ut frå templet og ropa med høg røyst til han som sat på skya: «Sving sigden din og hausta inn! For det er skurdtid, og grøda på jorda er fullmogen.»

16Og han som sat på skya, lét sigden fara over jorda, og jorda vart hausta.

17Då kom det endå ein engel ut or templet i himmelen; han òg hadde ein kvass sigd.

18Så kom det ein engel frå altaret; han hadde makt over elden og ropa med høg røyst til engelen som hadde den kvasse sigden: «Sving den kvasse sigden din og hausta drueklasane i verdsens vingard, for no er druene mogne!»

19Og engelen lét sigden fara over jorda, hausta druene i verdsens vingard og kasta dei i den store vinpressa, som er Guds vreide.

20Utanfor byen vart vinpressa trødd, og blodet flaut, så det stod opp til beiselet på hestane 1600 stadier borte.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Revelation 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.