Psalms 95NO1978NN

1Kom, lat oss jubla for Herren og ropa høgt ¬for vårt frelsande berg!

2Lat oss gå fram for han ¬med lovsong og hylla han med song og spel!

3For Herren er ein mektig Gud, ein stor konge over alle gudar.

4Han har jord-djupnene ¬i si hand og fjelltoppane i si eige.

5Havet er hans, ¬for han har skapt det, det faste landet ¬har hans hender forma.

6Kom, lat oss bøya oss og tilbe, bøya kne for Herren, ¬vår skapar!

7For han er vår Gud, ¬vi er folket han gjæter, den hjord han leier ¬med si hand. Å, ville de høyra på han i dag!

8Gjer ikkje hjarto dykkar harde, ¬som ved Meriba, som den dagen ved Massa ¬i øydemarka,

9då fedrane eggja meg og sette meg på prøve, endå dei såg kva eg gjorde!

10I førti år hadde eg uvilje ¬mot denne ætta, og eg sa om dei: «Dei er eit folk ¬som fer vilt i sitt hjarta, dei kjenner ikkje mine vegar.»

11Så svor eg i min vreide: «Dei skal aldri ¬koma inn til mi kvile!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 95.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.