Psalms 96NO1978NN

1Syng ein ny song for Herren, syng for han, all jorda!

2Syng for Herren, ¬pris hans namn, forkynn frå dag til dag ¬hans frelse!

3Fortel mellom folkeslag ¬om hans herlegdom, mellom alle folk ¬om hans under!

4Ja, stor og høglova er Herren, meir ageleg enn alle gudar.

5Alle gudane åt folka ¬er ingenting verde. Det var Herren ¬som skapte himmelen.

6Høgd og herlegdom ¬er framføre han, makt og glans i hans tempel.

7Gjev Herren ære og makt, gjev han ære og makt, ¬de folkeætter!

8Gjev Herren den ære ¬hans namn skal ha! Kom med offergåver ¬til hans tempelgardar!

9Bøy dykk ned for Herren og tilbed han i heilagt skrud! Skjelv for hans åsyn, all jorda!

10Sei mellom folka: ¬Herren er konge; ja, fast står verda, ¬ho kan ikkje rikkast. Han dømer folka med rettferd.

11Himmelen skal gleda seg, ¬jorda skal jubla, havet og alt som er i det, ¬skal brusa.

12Marka og alt det ho ber, ¬skal jubla, kvart tre i skogen ¬skal ropa av fryd.

13Dei skal ropa for Herren, ¬han som kjem; han kjem og vil døma jorda. Han skal døma verda ¬med rettferd og folka med truskap.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 96.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.