Psalms 94NO1978NN

1Herre, du Gud som straffar, stig fram i stråleglans, ¬du straffande Gud!

2Reis deg, du som dømer jorda, lat dei stolte få att ¬for det dei har gjort!

3Kor lenge ¬skal dei gudlause jubla, kor lenge skal dei jubla, Herre?

4Dei talar ein flaum ¬av frekke ord, alle ugjerningsmenner skryter.

5Dei knuser ditt folk, Herre, og kuar din eigedom.

6Enkjer og framande ¬slår dei i hel, og farlause myrdar dei.

7Dei seier: «Herren ser ¬det ikkje, han merkar det ikkje, ¬Jakobs Gud.»

8De må då skjøna, ¬de uvituge folk! Når skal de få vit, de dårar?

9Høyrer ikkje han ¬som planta øyra, ser ikkje han som skapte auga?

10Tuktar ikkje han ¬som fostrar folka, han som gjev menneska vit?

11Herren kjenner ¬mannsens tankar, han veit at dei er ¬som ein pust.

12Sæl er den du tuktar, Herre, den du gjev lærdom ved di lov.

13Så lèt du han få ro og friar han frå vonde dagar, til dess dei gudlause får si grav.

14Herren vil ikkje støyta bort ¬sitt folk og ikkje svikta sitt arveland.

15For rett skal atter verta rett, og den skal dei fylgja, alle dei ærlege av hjarta.

16Kven vil stø meg ¬mot dei vonde og hjelpa meg ¬mot ugjerningsmenner?

17Om ikkje Herren ¬var min hjelpar, låg eg snart i det stille landet.

18Om eg må seia: ¬«Min fot er ustø,» så held din truskap meg oppe, ¬Herre.

19Er mitt hjarta fullt ¬av urolege tankar, så er di trøyst til glede for meg.

20Er du i pakt med ¬tynings domstol, som i strid med lova ¬skaper ulukke?

21Dei slår seg saman ¬mot rettvise menn og dømer skuldlause til døden.

22Men Herren er ei borg for meg, min Gud er fjellet ¬som eg flyr til.

23Han lèt deira urett ¬råka dei sjølve og rydjar dei ut ¬for deira vondskap. Ja, Herren vår Gud ¬vil rydja dei ut.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 94.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.