Psalms 91NO1978NN

1Den som sit i livd ¬hjå Den Høgste og bur i skuggen ¬av Den Allmektige,

2han seier til Herren: ¬«Mi livd og borg, min Gud som eg set mi lit til!»

3Ja, han bergar deg ¬frå jegerens snare, frå pest som tyner.

4Med sine fjører løyner han deg, under hans venger finn ¬du livd. Hans truskap er skjold og vern.

5Du skal ikkje reddast ¬for skræmsler om natta, for piler som flyg om dagen,

6for pest som snikjer seg ¬fram i mørkret, for sott som herjar ¬middagstider.

7Om tusen fell ved di side, ti tusen ved di høgre hand, så skal ikkje ulukka nå deg.

8Du skal berre vera vitne til det og sjå at dei gudlause får si løn.

9For du seier: ¬«Herren er mi livd.» Den Høgste har du gjort ¬til din bustad.

10Inkje vondt skal koma over deg og inga plage nå ditt telt.

11For han skal gje ¬sine englar påbod at dei skal verna deg ¬på alle dine vegar.

12Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten ¬på nokon stein.

13På løve og orm skal du trakka, ungløve og orm ¬skal du trø under fot.

14«Eg bergar han, ¬for han held seg til meg; eg gjev han livd, ¬for han kjenner mitt namn.

15Når han kallar på meg, ¬svarar eg; eg er med han i naud ¬og trengsle, eg friar han ut og gjev han ære.

16Eg mettar han ¬med mange dagar og lèt han sjå mi frelse.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 91.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.