Psalms 90NO1978NN

1Ei bøn av gudsmannen Moses. Herre, du har vore ein bustad for oss frå ætt til ætt.

2Før fjella vart fødde, før jorda og verda vart til, ja, frå æve til æve er du, Gud.

3Du lèt mennesket verta ¬til støv att og seier: «Vend tilbake, ¬de menneskeborn!»

4For tusen år er i dine augo som dagen i går ¬då han fór framom, eller som ei nattevakt.

5Du riv menneska bort, dei er som ein svevn. Om morgonen er dei ¬som groande graset:

6Om morgonen gror det ¬og blømer, om kvelden er det vise og turt.

7Vi går til grunne ¬ved din vreide, redsle grip oss ved din harme.

8Våre misgjerningar ¬har du for auga, vår løynde synd vert synleg i ljoset frå ditt åsyn.

9Alle våre dagar ¬fer fram i din vreide, åra går som ein pust.

10Vår levetid er sytti år, og åtti år, når styrken er stor. Deira herlegdom er strev ¬og møde; snart er det slutt, ¬vi flyr av stad.

11Kven kjenner styrken ¬i din vreide, kven ottast deg, ¬så han skjønar din harme?

12Lær oss å telja våre dagar, så vi kan få visdom i hjarta!

13Kom attende, Herre! ¬Kor lenge? Ha medynk med dine tenarar!

14Metta oss med miskunn ¬når morgonen renn, så vi kan gleda og fagna oss ¬alle våre dagar.

15Gled oss så lenge ¬som du har audmykt oss, like mange år ¬som vi har lide vondt.

16Lat dine tenarar få sjå ¬di gjerning, og vis din herlegdom ¬for deira born!

17Gjev Herrens velvilje ¬må vera over oss! Gjev du må fremja ¬våre henders verk, ja, fremja våre henders verk!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 90.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.