Psalms 92NO1978NN

1Ein salme. Ein song til bruk på sabbatsdagen.

2Det er godt å lovsyngja Herren og prisa ditt namn, du Høgste,

3å forkynna di miskunn ¬om morgonen, din truskap om nettene,

4til tistrengja sitar og harpe, til tonar frå lyra.

5Med ditt verk har du gledt meg, ¬Herre; eg jublar over det du har gjort.

6Kor store dine gjerningar er, kor djupe dine tankar, Herre!

7Ein uvitug mann ¬forstår ikkje dette, dåren skjønar det ikkje.

8Dei gudlause gror som graset, alle ugjerningsmenner blømer, men dei skal rydjast ut ¬for alltid.

9Du, Herre, er høg til evig tid.

10Men dine fiendar, Herre, dei skal gå til grunne, og alle ugjerningsmenner ¬skal spreiast.

11Du gjev meg kraft ¬som ein villokse og salvar meg ¬med den friskaste olje.

12Eg får sjå at mine fiendar fell, eg får høyra korleis det går med ugjerningsmenner ¬som reiser seg mot meg.

13Men dei rettferdige gror ¬som palmer, dei veks som sedrar ¬på Libanon.

14Dei er planta i Herrens hus og blømer i vår Guds ¬tempelgardar.

15Enno i sin alderdom ¬ber dei frukt, friske og frodige er dei.

16Såleis forkynner dei ¬at Herren er rettvis; hjå han, mitt berg, ¬er det ingen urett.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 92.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.