1Av Korah-songarane. Ein salme. Ein song. Byen er grunnlagd ¬på heilage fjell.
2Herren elskar Sion mest av alle Jakobs bustader.
3Herlege ting er sagde om deg, du Guds by.
4Eg reknar Egypt og Babylonia mellom dei som kjenner meg. Om dei som bur i Filistarland, ¬Tyrus og Nubia, heiter det: «Dei er fødde der.»
5Men om Sion skal det seiast: «Der er alle fødde.» Den Høgste sjølv ¬har grunnfest byen.
6Når Herren skriv opp folka, tel han og seier: «Her er denne fødd.»
7Så syng dei og dansar og seier: «Alle mine kjelder er i deg.»