Psalms 86NO1978NN

1Ei bøn av David. Vend øyra til og svar meg, ¬Herre, for eg er hjelpelaus og fattig!

2Vakta meg, for eg held di pakt. Frels din tenar, du min Gud! Eg set mi lit til deg.

3Ver meg nådig, Herre, for heile dagen ropar eg til deg.

4Gjer din tenar inderleg glad! Herre, eg lyfter mi sjel til deg.

5For du er god og tilgjev gjerne, Herre, stor er den miskunn du viser mot alle ¬som kallar på deg.

6Herre, vend øyra til mi bøn, lyd etter når eg tryglar og bed!

7Den dag eg er i naud, ¬ropar eg til deg, for du vil bønhøyra meg.

8Herre, mellom gudar ¬er ingen som du, og ingen gjerningar er ¬som dine.

9Alle folk som du har skapt, skal koma ¬og bøya seg for deg, Herre, og æra ditt namn.

10For du er stor, ¬og du gjer under. Einast du er Gud.

11Herre, lær meg din veg, så eg kan ferdast ¬i di sanning! Gjev meg eit udelt hjarta, så eg kan ottast ditt namn!

12Eg takkar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta; min Gud, eg vil evig æra ¬ditt namn.

13For din truskap mot meg ¬er stor, frå det djupe dødsriket ¬har du fria meg ut.

14Frekke menn ¬reiser seg mot meg, Gud, ein flokk av valdsmenn ¬står meg etter livet. Dei har ikkje deg for auga.

15Men du, Herre Gud, ¬er mild og nådig, langmodig og rik ¬på miskunn og truskap.

16Vend deg til meg ¬og ver meg nådig! Gjev din tenar kraft frå deg, og berga son ¬til di tenestkvinne!

17Gjev meg eit teikn ¬som varslar godt! Lat dei som hatar meg, ¬sjå det og skjemmast! For du, Herre, ¬hjelper og trøystar meg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 86.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.