1Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein salme.
2Du har vist nåde ¬mot landet ditt, Herre, Jakobs lagnad har du vendt.
3Du tok bort skulda åt folket ditt og tilgav alle deira synder.
4All din harme tok du tilbake, din brennande vreide ¬lét du fara.
5Reis oss opp att, ¬Gud, vår frelsar, vend din uvilje bort frå oss!
6Vil du vera harm på oss ¬for alltid og la vreiden vara ¬frå ætt til ætt?
7Vil ikkje du gje oss liv på nytt, så ditt folk kan gleda seg i deg?
8Lat oss få sjå din godleik, ¬Herre, og gjev oss di frelse!
9Eg vil høyra ¬kva Gud, Herren, seier. For han talar fred ¬til sitt folk, til sine trugne, – berre dei ikkje vender seg ¬til dårskap!
10Ja, hans frelse er nær for dei som ottast han; hans herlegdom ¬skal bu i vårt land.
11Godleik og sanning ¬skal møta kvarandre, rettferd og fred ¬kyssa kvarandre.
12Truskap skal gro opp or jorda og rettferd sjå ned ¬frå himmelen.
13Då gjev Herren det ¬som godt er, og landet vårt ber si grøde.
14Rettferd går framføre han, og frelse fylgjer i hans fotefar.