Psalms 84NO1978NN

1Til korleiaren. Etter Gittit. Av Korah-songarane. Ein salme.

2Kor elskelege dine bustader er, Herre, Allhærs Gud!

3Mi sjel lengta, ¬ja brann av lengsle, etter Herrens tempelgardar. No jublar hjarta og kropp mot den levande Gud.

4Ja, fuglen har funne ein heim, svala har fått seg eit reir, der ho kan leggja sine ungar, ved dine altar, Herre, ¬Allhærs Gud, min konge og min Gud.

5Sæle er dei som bur i ditt hus, dei skal alltid lova deg.

6Sæle er dei ¬som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter ¬å fara opp til templet.

7Når dei fer gjennom ¬den turre dalen, gjer dei han til ein kjeldevang; haustregnet legg si signing ¬over han.

8Dei går frå kraft til kraft, til dei stig fram for Gud ¬på Sion.

9Høyr mi bøn, Herre, ¬Allhærs Gud, lyd etter, du Jakobs Gud!

10Gud, vårt skjold, ¬vend augo hit, og sjå på han som du har salva!

11Ja, éin dag i dine tempelgardar er betre enn tusen andre. Å stå ved dørstokken ¬til Guds hus er betre enn å bu ¬i telt med gudlause.

12For Herren vår Gud ¬er sol og skjold, Herren gjev nåde og ære. Den som er ærleg i si ferd, nektar han ikkje noko godt.

13Herre, Allhærs Gud, sæl er den ¬som set si lit til deg.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 84.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.