Psalms 83NO1978NN

1Ein song. Ein Asaf-salme.

2Gud, hald deg ikkje i ro, ver ikkje still og tagal, Gud!

3For sjå, dine fiendar er ¬i opprør, dei som hatar deg, ¬lyfter hovudet.

4Dei legg lumske planar ¬mot ditt folk, dei held samråd ¬mot dei du vernar:

5«Kom, lat oss sletta dei ut ¬som folk, så ingen meir ¬kjem Israels namn i hug!»

6Dei held råd og vert samde, så gjer dei samband mot deg:

7dei som bur i Edoms ¬og Ismaels telt, moabittane og hagrittane,

8Gebal, Ammon og Amalek, filistarane og dei som bur ¬i Tyrus;

9jamvel Assur går i lag med dei og låner sin arm ¬til Lots søner.

10Gjer med dei som med Midjan, med Sisera og Jabin ¬ved Kisjon-bekken.

11Dei fekk si endelykt ¬ved En-Dor og vart til gjødsel på marka.

12Lat det gå deira stormenn ¬som Oreb og Se’eb og alle deira fyrstar ¬som Sebah og Salmunna!

13For dei seier: «Vi vil ta Guds bustader ¬i eige.»

14Min Gud, lat dei verta ¬lik ein kvervlande tistel, lik halmstrå som fyk ¬for vinden.

15Som elden brenner opp ¬ein skog og logane set fjell i brann,

16så må du jaga dei ¬med ditt uver og skræma dei med din storm.

17Lat deira andlet raudna ¬av skam, så dei spør etter ditt namn, ¬Herre.

18Lat dei skjemmast ¬og skræmast for alltid, lat dei verta vanæra ¬og gå til grunne!

19Gjev dei må skjøna ¬at einast du, du som ber namnet Herren, er Den Høgste over all jorda.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 83.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.