1Ein Asaf-salme. Gud står fram i gudelyden, mellom gudar held han dom:
2Kor lenge vil de fella urett dom og halda med ¬dei ugudelege?
3Hjelp småkårsfolk og farlause ¬til deira rett, frikjenn dei arme og ¬trengande,
4berga småkårsfolk og fattige, og fri dei ut or nidingars hand!
5Dei har korkje vit eller skjøn, dei ferdast ikring i mørker, heile grunnvollen ¬under jorda ragar.
6Eg har sagt: «De er gudar, søner åt Den Høgste er de alle.
7Men som menneske ¬skal de døy, som ein av fyrstane ¬skal de falla.»
8Reis deg, Gud, ¬og hald dom på jorda, for alle folkeslag ¬er din eigedom.