Psalms 81NO1978NN

1Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf.

2Rop av fryd for Gud, ¬vår styrke, lat hyllingsrop ljoma ¬for Jakobs Gud!

3Lat songen stiga ¬og handtrommer lyda til fagre tonar ¬frå lyre og harpe!

4Blås i horn på nymånedagen og ved fullmåne, ¬på vår høgtidsdag.

5For det er ei føresegn i Israel, eit påbod frå Jakobs Gud,

6ei lov som han gav til Josefs ætt då ho drog ut or Egypt. Eg høyrer ei ukjend røyst:

7Eg fria hans aksel for børa, hans hender slapp fri ¬frå berekorga.

8Du ropa i di naud, ¬og eg berga deg; eg svara deg, løynd i toreskya, og prøvde deg ¬ved Meriba-vatnet.

9Høyr, mitt folk, ¬eg formanar deg! Israel, gjev du ville høyra ¬på meg!

10Du skal ikkje ha ¬nokon framand gud, du skal ikkje tilbe andre gudar!

11Eg er Herren din Gud, som førte deg opp frå Egypt. Lat munnen opp, ¬så fyller eg han!

12Men folket mitt ¬høyrde ikkje på meg, Israel ville ikkje lyda meg.

13Så lét eg dei fara, ¬forherda som dei var; og dei fylgde sine eigne planar.

14Gjev mitt folk ¬ville høyra på meg, gjev Israel ¬ville gå på mine vegar!

15Snart skulle eg kua ¬deira fiendar og retta mi hand ¬mot deira motstandarar.

16Dei som hatar Herren, ¬må krypa for han, deira ulukketid skal alltid vara.

17Men deg vil eg fø ¬med den beste kveite og metta med honning frå fjell.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 81.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.