1Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.
2Høyr oss, Israels hyrding, du som fører Josef som ¬ei hjord! Du som tronar over kjerubane, vis deg i stråleglans
3for Efraim, Benjamin ¬og Manasse! Vekk di kraft ¬og kom oss til hjelp!
4Reis oss opp att, Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!
5Herre, Allhærs Gud, kor lenge vil du la ¬din vreide ryka mot folket ditt som bed til deg?
6Gråt er brødet du gjev dei ¬å eta, og tårer må dei drikka ¬i fullt mål.
7Du lèt våre grannar stridast ¬om oss, og fiendane spottar oss.
8Reis oss opp att, Allhærs Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!
9Eit vintre reiv du opp i Egypt, du dreiv folkeslag ut ¬og planta det.
10Du rudde grunnen for det, så det røtte seg og fylte landet.
11Skuggen av det gøymde fjell, greinene løynde ¬mektige sedrar.
12Det tøygde rankene ut til havet og renningane heilt ¬til Storelva.
13Kvifor har du rive ned gjerdet ¬kring treet, så alle som går framom, ¬kan plukka,
14så villsvin frå skogen ¬kan gnaga på det, og krypet på marka ¬kan eta av det?
15Vend deg hit att, Allhærs Gud, skoda ned frå himmelen og sjå! Ta deg av dette vintreet,
16verna om det ¬som du har planta med di høgre hand, – sonen som du har gjeve ¬styrke!
17Dei som brende opp treet ¬lik avfall, skal gå til grunne ¬for ditt trugsmål.
18Hald di vernande hand ¬over han som er ved di høgre side, over mennesket ¬som du har gjeve styrke.
19Så vil vi aldri vika frå deg. Gjev oss liv, ¬så vil vi kalla på deg!
20Reis oss opp att, ¬Herre, Allhærs Gud, lat ditt andlet lysa, ¬så vi vert frelste!