1Ein Asaf-salme. Framande folk har trengt seg inn i ditt arveland, Gud. Dei har gjort ¬ditt heilage tempel ureint og lagt Jerusalem i røys.
2Dei har gjeve lika ¬av dine tenarar til føde for fuglane ¬under himmelen, og kjøtet av dine trugne til villdyra på marka.
3Dei har rent ut deira blod ¬som vatn rundt ikring Jerusalem, og det er ingen ¬som gravlegg dei.
4Vi har vorte til hån ¬for grannane våre, til spott og spe ¬for folka ikring oss.
5Kor lenge, Herre? Vil du vera harm for alltid? Kor lenge skal din iver ¬brenna som eld?
6Renn din vreide ut ¬over framande folk, som ikkje kjenner deg, renn han ut over kongerike, der ingen kallar på ditt namn.
7For dei har gjort ende på Jakob og lagt hans bustad i øyde.
8Tilrekna oss ikkje dei synder som våre fedrar gjorde. Skunda deg og møt oss ¬med di miskunn! For no er det ille med oss!
9Hjelp oss, Gud, du som er vår frelsar, så ditt namn kan verta æra. Fri oss ut for ditt namn skuld, og tilgjev våre synder!
10Kvifor skal folka seia: «Kvar er deira Gud?» Gjer det kjent mellom folka, og lat oss få sjå at du tek hemn for det utrende blodet ¬av dine tenarar.
11Høyr korleis fangane sukkar! Løys med din veldige arm dei som er vigde til døden!
12Lat våre grannar ¬få sju gonger att fordi dei har spotta deg, Herre.
13Men vi, ditt folk, ¬den hjord du gjæter, vil lovsyngja deg til evig tid, forkynna din pris ¬frå ætt til ætt.