Psalms 88NO1978NN

1Ein song. Ein salme av Korah- songarane. Til korleiaren. Til å syngja etter «Mahalat». Ein læresalme av Heman, som høyrde Esrah-ætta til.

2Herre, du Gud ¬som er min frelsar, eg ropar til deg dag og natt.

3Lat mi bøn koma fram for deg, vend øyra til mitt klagerop!

4Mi sjel er mett av ulukker, mitt liv er kome dødsriket nær.

5Eg vert rekna til dei ¬som steig ned i grava, eg er som ein mann utan kraft.

6Eg er som ein død ¬mellom døde, lik falne som ligg i si grav; du kjem dei ikkje meir i hug, skilde som dei er frå di hand.

7Du har lagt meg ¬i grava der nede, i den mørke, djupe avgrunn.

8Din harme kviler tungt på meg du lèt dine brotsjøar ¬slå over meg.

9Du har teke mine kjenningar ¬frå meg og gjort det så ¬at dei avskyr meg. Eg er innestengd ¬og kjem ikkje ut,

10mitt auga sløvest av plager. Herre, eg ropar dagleg til deg og retter hendene ut mot deg.

11Gjer du vel under for dei døde, står daudingar opp ¬og prisar deg?

12Fortel dei om di miskunn ¬i grava, om din truskap i dødsriket?

13Vert dine under kjende ¬i mørkret, di rettferd i gløymslelandet?

14Men eg, Herre, ropar til deg, om morgonen kjem mi bøn ¬imot deg.

15Kvifor støyter du meg bort ¬frå deg, Herre, kvifor løyner du ditt andlet ¬for meg?

16Eg er elendig, ja døden nær, og det har eg vore ¬frå ungdomen av; rådvill ber eg dine redsler.

17Din brennande harme ¬slår over meg, dine redsler gjer ende på meg.

18Heile dagen ¬er dei ikring meg som vatn, alle saman omringar meg.

19Du har teke vener ¬og frendar ifrå meg, og mine kjenningar ¬held du borte.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 88.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.