Psalms 8NO1978NN

1Til korleiaren. Etter Gittit. Ein Davids-salme.

2Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn er over all jorda, du som har breitt ut ¬din prydnad på himmelen!

3Av munnen på småborn ¬og spedborn har du reist deg eit vern ¬mot dine fiendar, så du kan stagga ¬kvar motstandar som trår etter hemn.

4Når eg ser din himmel, ¬eit verk av dine fingrar, månen og stjernene ¬som du har sett der,

5kva er då eit menneske, ¬sidan du kjem det i hug, eit menneskebarn, ¬sidan du tek deg av det?

6Du gjorde han lite ringare ¬enn Gud, med ære og herlegdom ¬krona du han.

7Du sette han til herre ¬over dine henders verk, alt la du under hans føter:

8sauer og oksar, alle i hop, ja, jamvel dei ville dyr ¬på marka,

9fuglen i lufta og fisken i sjøen, alt som ferdast ¬på havsens stigar.

10Herre, vår Gud, ¬kor herleg ditt namn er over all jorda!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.