Psalms 7NO1978NN

1Ein klagesalme som David song for Herren på grunn av den meldinga Kusj frå Benjamin hadde kome med.

2Herre, min Gud, eg flyr til deg. Frels meg og fri meg ¬frå alle som jagar meg,

3så dei ikkje, liksom ei løve riv meg sund og dreg meg bort – utan at nokon bergar.

4Herre, min Gud, har eg fare så at det er urett i mine hender,

5har eg gjort vondt mot min ven og rana min motstandar ¬utan grunn,

6så lat fienden jaga og nå meg, trakka meg levande til jorda og kasta mi ære i støvet.

7Reis deg, Herre, i din vreide, stå opp mot dei ¬som rasar imot meg! Vakna, min Gud, ¬du som stemner til doms.

8Lat skaren av folkeslag ¬samlast ikring deg, og ta ditt sete høgt over dei!

9Herre, du som dømer folka, hjelp meg til min rett, for eg er rettvis og heil i mi ferd.

10Gjer ende på vondskapen ¬åt dei gudlause, men lat den rettferdige ¬verta ståande! Du som prøver hjarto ¬og nyrer, du er ein rettferdig Gud.

11Gud er mitt vernande skjold, han frelser dei ærlege av hjarta.

12Gud er ein rettferdig domar, ein Gud ¬som feller dom kvar dag.

13Sanneleg, ¬fienden kvesser atter sverdet, spenner bogen og siktar.

14Men sjølv vert han råka ¬av dei drepande våpen og dei brennande piler ¬han steller til.

15Sjå, han er svanger ¬med vondskap, har avla udåd og føder svik.

16Han har grave eit hol ¬og gjort det djupt, men sjølv fell han ned ¬i den grava han grov.

17Den udåden han har tenkt ut, kjem over hans eige hovud, valdsferda råkar ¬hans eigen skalle.

18Eg prisar Herren ¬for hans rettferd og lovsyng namnet åt Herren, ¬Den Høgste.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.