Psalms 6NO1978NN

1Til korleiaren. Med strengespel. Etter «Den åttande». Ein Davids- salme.

2Herre, refs meg ikkje ¬i din vreide, og tukt meg ikkje i din harme!

3Ver meg nådig, Herre, ¬for eg er kraftlaus. Læk meg, Herre, ¬eg er djupt forfærd.

4Mi sjel er gripen av redsle. Kor lenge, Herre?

5Herre, vend deg hit ¬og fri meg ut, frels meg i di miskunn!

6For ingen av dei døde ¬kjem deg i hug. Kven prisar vel deg i dødsriket?

7Eg er trøytt av å sukka, med tårer væter eg mi lege, eg græt kvar natt, ¬så senga er våt.

8Mitt auga er sløvt av bitter sorg og dimt av all den motstand ¬eg møter.

9Vik frå meg, ¬alle ugjerningsmenn, for Herren har høyrt min gråt.

10Herren høyrde ¬då eg trygla og bad, han har teke imot mi bøn.

11Alle mine fiendar ¬skal verta til skammar. Dei skal gripast av redsle og brått snu om med skam.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.