Psalms 5NO1978NN

1Til korleiaren. Med fløytespel. Ein Davids-salme.

2Herre, høyr mine ord, gjev akt på mitt sukk!

3Lyd til mitt rop om hjelp, min konge og min Gud! Herre, eg bed til deg.

4Om morgonen høyrer ¬du mi røyst, tidleg vender eg meg til deg ¬og ventar.

5Du er ein gud ¬som ikkje toler vondskap; den vonde får ikkje gjesta deg.

6Dei hovmodige får ikkje ¬stiga fram for deg. Du hatar alle ugjerningsmenn

7og gjer ende på dei ¬som talar lygn. Herren styggjest ¬ved drapsmenn og svikarar.

8Men ved di store miskunn kan eg gå inn i ditt hus. Eg vender meg ¬mot ditt heilage tempel og bøyer meg ned i age for deg.

9Herre, lei meg i di rettferd, så mine fiendar ikkje når meg. Gjer vegen jamn for meg!

10Det finst ikkje sanning ¬i deira munn, dei er heilt igjennom rotne. Deira strupe er ¬som ei open grav, falske ord ligg dei på tunga.

11Gud, lat dei bøta for si skuld, lat dei falla ¬for sine vonde planar! Driv dei bort og sprei dei! For deira synd og skuld er stor, dei har trassa deg.

12Alle som flyr til deg, skal alltid vera glade og fegne. Du vernar dei, og dei som elskar ditt namn, skal fryda seg i deg.

13For du, Herre, ¬velsignar den rettferdige, du vernar han med nåde ¬som med eit skjold.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 5.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.