Psalms 4NO1978NN

1Til korleiaren. Med strengespel. Ein Davids-salme.

2Når eg ropar, så svar meg, du Gud som er mi rettferd. I nauda fann du utveg for meg. Ver meg nådig, og høyr mi bøn!

3De menneske, kor lenge skal mi ære krenkjast? Kor lenge vil de elska fåfengd og jaga etter lygn og svik?

4Vit at Herren gjer under for den som er trufast mot han. Herren høyrer ¬når eg ropar til han.

5Skjelv av redsle ¬og synda ikkje meir, tenk dykk om på lega, ¬og ver stille!

6Ber fram dei rette offer, og set dykkar lit til Herren!

7Det er mange som seier: «Gjev vi fekk oppleva lukke! Lat ljoset frå ditt åsyn skina over oss, Herre!»

8Du gjev meg større glede ¬i hjarta enn dei andre har når dei får korn og vin i mengd.

9I fred vil eg leggja meg ned ¬og sova. For du, Herre, einast du lèt meg kvila trygt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.