1Ein salme av David, då han rømde for Absalom, son sin.
2Herre, kor talrike ¬mine fiendar er! Mange er dei som reiser seg ¬mot meg.
3Mange er dei som seier om meg: «Det er ikkje frelse for han ¬hjå Gud.»
4Men du er eit skjold for meg, ¬Herre, du er mi ære, ¬du lyfter mitt hovud.
5Då eg ropa høgt til Herren, svara han meg ¬frå sitt heilage fjell.
6Eg la meg ned og sovna – og vakna, ¬for Herren held meg oppe.
7Eg er ikkje redd ¬om ti tusen mann fylkar seg mot meg ¬på alle kantar.
8Reis deg, Herre! ¬Frels meg, min Gud! For du slår ¬alle mine fiendar på kinnet og knuser tennene ¬på dei vonde.
9Hjå Herren er det frelse. Lat di signing ¬kvila over ditt folk!