Psalms 76NO1978NN

1Til korleiaren. Med strengespel. Ein Asaf-salme. Ein song.

2Gud er kjend i Juda, hans namn er stort i Israel.

3I Salem er hans hytte reist, på Sion står hans bustad.

4Der braut han sund ¬dei lynande piler, krigens våpen, ¬skjold og sverd.

5Strålande er du, herlegare enn dei ¬eldgamle fjell.

6Modige menn vart plyndra, og dei sovna inn. Hendene svikta ¬kvar stridsmann.

7Ved dine trugsmål, ¬Jakobs Gud, fall hest og krigar i dvale.

8Ageleg er du, Gud. Kven kan stå seg for ditt åsyn når du vert vreid?

9Du kunngjer din dom ¬frå himmelen. Jorda vert mållaus av redsle

10når Gud står opp for å døma og frelsa ¬alle armingar på jord.

11Jamvel manns harme ¬vert til lovsong for deg; harmen endar med høgtid.

12Gjev lovnader til Herren ¬dykkar Gud, og lat han få det de har lova! Folk skal koma frå alle kantar med gåver til den agelege Gud.

13Han bøyer dei stolte fyrstar, og kongane på jord ¬må ottast han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 76.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.