Psalms 77NO1978NN

1Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein Asaf-salme.

2Eg ropar til Gud, ja, eg ropar til Gud, ¬og han høyrer meg.

3Den dagen eg er i naud, ¬søkjer eg Herren. Om natta retter eg ut mi hand, og ho trøytnar ikkje. Mi sjel lèt seg ikkje trøysta.

4Eg tenkjer på Gud og sukkar; eg gruvlar ¬og kjenner meg kraftlaus.

5Heile natta held du meg vaken; eg er så uroleg, ¬eg kan ikkje tala.

6Eg tenkjer på gamle dagar og minnest framfarne år.

7Om natta strevar eg ¬med tankar, eg gruvlar, mi ånd granskar.

8Vil Herren støyta oss bort ¬for alltid og aldri visa sin godvilje meir?

9Er hans truskap for evig slutt, har ordet hans stilna ¬for alle ætter?

10Kan Gud ha gløymt ¬å vera nådig, er han vreid ¬og held att si miskunn?

11Eg seier: «Det piner meg at Den Høgste har drege til seg ¬si hand.

12Eg minnest Herrens ¬gjerningar, minnest dei under ¬du gjorde før.

13Eg tenkjer på kvar dåd ¬du gjorde, og grundar på dine storverk.

14Gud, i heilagdom går du fram. Kvar er ein gud ¬så stor som Herren?

15Du er den Gud som gjer under, mellom folka har du synt ¬di kraft.

16Med velde løyste du ut ¬ditt folk, sønene åt Jakob og Josef.

17Vatnet såg deg, Gud; vatnet såg deg og skalv, ja, havdjupet skalv av redsle.

18Regnet strøymde frå skyene, tora dunde ¬frå skykledd himmel, og lyna fór av stad som piler.

19Du lét tora rulla som vognhjul, lyna lyste opp jordkrinsen; jorda riste og skalv.

20Din veg ¬gjekk midt gjennom sjøen, din stig gjennom veldig vatn; men ingen kjende dine fotspor.

21Du førte ditt folk som ei hjord ved handa åt Moses og Aron.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 77.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.