1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein Asaf-salme. Ein song.
2Gud, vi prisar og takkar deg. Ditt namn er nær hjå dei som fortel om dine under.
3«På den tid eg har fastsett, skal eg halda rettferdig dom.
4Jorda og alle som bur der, ¬kan rikkast, men eg har gjort ¬hennar søyler faste.»
5Eg sa til dårane: ¬«Ver ikkje dumme!» og til dei gudlause: ¬«Ver ikkje stolte!
6Briska dykk ikkje ¬av dykkar makt, gjer ikkje nakken bratt ¬og talen frekk!»
7For det kjem inga oppreising ¬frå aust eller vest og heller ikkje frå øydemarka.
8Nei, det er Gud som dømer. Éin bøyer han ned, ¬og éin reiser han opp.
9Herren har eit staup i si hand med skummande, krydda vin. Han skjenkjer i av vinen, og alle vonde på jorda ¬må drikka, jamvel botnfallet må dei tøma.
10Men eg vil alltid fortelja ¬om dette og spela og syngja ¬for Jakobs Gud.
11«Eg tek makta ¬frå alle dei gudlause, men dei rettferdige ¬skal få stor kraft.»