1Ein læresalme av Asaf. Gud, kvifor har du støytt oss ¬bort for alltid? Kvifor ryk din vreide ¬mot den hjord du gjæter?
2Kom i hug det folk du vann deg i gamal tid, di eiga ætt som du fria ut. Tenk på Sion-fjellet, ¬der du har din bustad.
3Stig opp til dei gamle ruinar! I heilagdomen ¬har fienden øydelagt alt.
4I huset der folket ditt samlast, lydde brølet ¬frå dine motstandarar; der sette dei sine faner ¬som sigersteikn.
5Det var eit syn som når ein lyfter ¬øksar i tjukke skogen.
6Så slo dei sund ¬all treskurden der med bile og brekkjern.
7Dei sette eld på din heilagdom, heilt til grunnen vanhelga dei staden der ditt namn bur.
8Dei tenkte: ¬«Vi gjer dei alle til trælar!» Kvart gudshus i landet ¬brende dei.
9Vi ser ikkje våre eigne faner. Det finst ikkje lenger ¬nokon profet, og det finst ingen hjå oss ¬som veit kor lenge dette skal vara.
10Kor lenge, Gud, ¬skal dei driva sin spott, dei som står deg imot? Skal fienden for alltid få vanvørda ditt namn?
11Kvifor held du handa di att? Ta di høgre hand frå barmen, og gjer slutt på dette!
12Men du, Gud, ¬er min konge frå gamal tid, du som gjer frelsesverk ¬på jorda.
13Du kløyvde havet i ditt velde og krasa hovuda ¬åt drakane i vatnet.
14Du slo sund hovuda ¬åt Leviatan og gav dei til føde ¬for dyra i øydemarka.
15Kjelde og bekk ¬lét du strøyma fram, du turka ut elvar ¬som alltid har vatn.
16Din er dagen, og di er natta; du sette sol og måne ¬på plass.
17Du fastsette alle grenser ¬på jorda, sommar og vinter ¬er det du som har skapt.
18Herre, kom dette i hug når fienden driv sin spott, og eit folk av dårar ¬vanvørder ditt namn.
19Gjev ikkje di turteldue ¬til villdyr, gløym aldri dine armingars liv!
20Kom i hug di pakt med oss! For kvar avkrok i landet ¬er full av valdsferd.
21Lat ikkje dei trælka ¬gå bort med skam, lat dei arme og fattige ¬prisa ditt namn!
22Reis deg, Gud, og før di sak! Kom i hug at du dagen lang ¬vert spotta av dårar!
23Gløym ikkje ropet ¬åt dine fiendar, ståket som alltid stig opp frå dei som står deg imot.