1Til korleiaren. Ein Davids-salme. Ein song.
2Gud, det er rett at vi lovsyng deg på Sion og held våre lovnader til deg,
3du som høyrer bøner. Alle menneske kjem til deg
4med si syndeskuld. Når våre synder ¬vert for tunge for oss, då slettar du dei ut.
5Sæl er den som du vel ut, så han får koma nær til deg og bu i dine tempelgardar. Vi mettar oss ¬med det gode i ditt hus, med det heilage i ditt tempel.
6Du bønhøyrer oss i rettferd med underfulle gjerningar, du Gud som er vår frelsar, ei livd for alle land på jord, ja, for havsens fjerne strender.
7Du reiste fjella med di kraft, batt styrkebeltet om deg.
8Du døyvde opprørt hav, du stilte bylgjene, ¬ståket av folkeslag,
9så dei som bur ¬ved verdsens endar, laut reddast ved dine teikn. Du skapte jubel frå aust til vest.
10Du har gjesta jorda ¬og gjeve henne regn, du har gjort henne ovende rik. Guds bekk er full av vatn; du syter for at kornet veks. Såleis legg du alt til rettes:
11Du vatnar fòrene, ¬jamnar veltene og bløyter opp jorda med regn; du signar hennar grøde.
12Du kronar året ¬med gode gåver, det spirer og gror ¬i dine hjulspor,
13det spirer ¬på dei aude beitemarker, kring haugane er det jubel.
14Markene er kledde med sauer og dalane sveipte i korn. Det lyder glederop og song.