Psalms 66NO1978NN

1Til korleiaren. Ein song. Ein salme. Lat hyllingsrop lyda for Gud, ¬all jorda,

2og syng om hans ¬herlege namn! Lovsyng Guds herlegdom

3og sei til han: «Kor agelege ¬dine gjerningar er!» Di makt er så stor at dine fiendar kryp for deg.

4Heile jorda skal bøya seg ¬og tilbe deg, dei skal spela for deg ¬og prisa ditt namn.

5Kom og sjå Guds gjerningar! Ageleg er han når han gjer sitt verk ¬mellom menneska.

6Han gjorde sjøen til turt land, gjennom elva gjekk dei til fots. Lat oss gleda oss i han!

7Han rår med velde til evig tid og held auga med folkeslag; dei som vil opprør, ¬reiser seg ikkje.

8Pris vår Gud, de folkeætter, lat lovsongen ljoma for han,

9han som held oss i live og ikkje lèt vår fot vera ustø.

10For du har sett oss på prøve, ¬Gud, og reinsa oss, ¬som dei reinsar sølv.

11Du lét oss gå i garnet og la ei bør på våre hofter.

12Du lét menneske fara fram ¬over våre hovud, vi laut gå gjennom eld og vatn. Men du førte oss ut ¬og gav oss overflod.

13Eg kjem med brennoffer ¬til ditt hus, eg vil halda mine lovnader ¬til deg,

14dei lovnader som kom ¬over mine lipper, og som eg gav då eg var i naud.

15Eg gjev deg gjøfe til brennoffer og lèt røyken av verar ¬stiga opp til deg; eg ofrar både oksar ¬og bukkar.

16Kom hit og høyr, alle de som har age for Gud, så skal eg fortelja kva han har gjort mot meg.

17Frå min munn steig ropet ¬til han, og på mi tunge var det lovsong.

18Hadde eg hatt urett i tankar, ville Herren ikkje ¬ha høyrt meg.

19Men Gud har sanneleg høyrt! Han lydde på mitt bønerop.

20Lova vere Gud, som ikkje sa nei til mi bøn og ikkje tok si miskunn ¬frå meg!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 66.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.