Psalms 64NO1978NN

1Til korleiaren. Ein Davids-salme.

2Høyr mi røyst ¬når eg klagar, Gud, vern mitt liv ¬mot skræmande fiendar!

3Gøym meg for dei vonde ¬som legg planar mot meg, for den bråkande hopen ¬av ugjerningsmenn.

4Dei kvesser si tunge ¬som eit sverd og siktar på skuldfri mann med beiske ord som piler;

5dei vil skyta han i løynd. Brått skyt dei han ¬og reddast ikkje.

6Fast er dei rådde på sin udåd. Dei talar om ¬å setja løynde feller og seier: ¬«Kven kan vel sjå dei?»

7Dei tenkjer berre på vondskap: «Vi er budde, ¬planen er uttenkt.» Uransakande er mennesket ¬i hjarta og hug.

8Då skyt Gud ei pil imot dei, brått vert dei råka.

9Deira eiga tunge ¬har ført dei til fall. Alle som ser dei, ¬rister på hovudet.

10Alle menneske vert forfærde. Dei fortel om Guds gjerning og skjønar det verket han gjer.

11Den rettferdige gleder seg ¬i Herren og søkjer livd hjå han. Alle ærlege av hjarta ¬prisar seg lukkelege.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 64.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.