Bible

Elevate

Your Sunday Morning Worship Service

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 63

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ein salme av David, han var i Juda-øydemarka.
2 Gud, du er min Gud, ¬som eg søkjer. Mi sjel tyrstar etter deg, min lekam stundar etter deg i det aude, turre ¬og vasslause landet.
3 skodar eg deg ¬i heilagdomen og ser di makt ¬og din herlegdom.
4 For di miskunn ¬er betre enn livet. Mine lipper skal syngja ¬din pris.
5 vil eg lova deg ¬heile mitt liv og lyfta mine hender ¬i ditt namn.
6 mettast mi sjel ¬som med feite retter, med jublande lipper ¬prisar eg deg.
7 Eg tenkjer deg ¬når eg ligg og kviler, og grundar deg ¬kvar nattevakt.
8 For du har vore ¬ei hjelp for meg, eg jublar ¬i skuggen av dine venger.
9 Mi sjel heng fast ved deg, du held meg oppe ¬med di høgre hand.
10 Men dei som står meg ¬etter livet, skal fara ned i jordedjupet.
11 Dei skal gjevast over ¬til sverds makt og verta til rov for sjakalar.
12 Men kongen skal gleda seg ¬i Gud. Alle som sver ved han, ¬skal jubla når lygnarane vert målbundne.