Psalms 62NO1978NN

1Til korleiaren. Etter Jedutun. Ein Davids-salme.

2Einast i von til Gud ¬er mi sjel still, mi frelse kjem frå han.

3Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse; han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

4Kor lenge vil de, alle i hop, gå laus på ein mann ¬for å drepa han, som når ein stormar ¬mot ein lutande vegg eller ein falleferdig mur?

5Ja, dei legg planar ¬om å støyta han ned, ned frå hans høgd ¬– dei elskar svik. Med munnen velsignar dei, men i sitt hjarta ¬forbannar dei.

6Ver still for Gud, mi sjel! Frå han kjem mi von.

7Einast han ¬er mitt fjell og mi frelse; han er mi borg, ¬eg skal ikkje rikkast.

8Mi frelse og mi ære har sin grunn i Gud. Han er mitt faste fjell, eg flyr til han.

9Lit alltid på Gud, de folk, renn ut for han ¬det som fyller hjarta! Gud er ei livd for oss.

10Menneske er som ein pust, menneskeborn sviktar; på vektskåla vippar dei opp, dei er alle lettare enn luft.

11Set ikkje lit til vald eller fåfengd von til rov! Om rikdomen aukar, så lat ikkje det fanga din hug!

12Éin gong har Gud tala til meg, ja, to gonger har eg høyrt at det er Gud ¬som har makta,

13og at du er trufast, Herre. For du løner kvar og ein etter det han har gjort.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Psalms 62.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.