Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Psalms 61

:
Norwegian - NO1978NN
1 Til korleiaren. Med strengespel. Av David.
2 Høyr mitt klagerop, Gud, lyd til mi bøn!
3 Frå enden av jorda ¬ropar eg til deg, for krafta i hjarta mitt minkar. Før meg opp eit fjell som er for høgt for meg.
4 For du har vore mi livd, eit tårn til vern mot fienden.
5 Lat meg alltid bu i ditt telt og finna livd ¬under dine venger!
6 For du har høyrt ¬mine lovnader, Gud, du gjev meg arv med dei ¬som ottast ditt namn.
7 Legg fleire dagar til ¬kongens liv, lat han leva ¬medan ættene skifter!
8 Lat han trona evig ¬for Guds åsyn, lat miskunn og truskap ¬verna han!
9 skal eg alltid prisa ¬ditt namn, når eg dagleg held ¬mine lovnader.