Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Psalms 60

:
Norwegian - NO1978NN
1 Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam. Til lærdom. Av David,
2 han låg i strid med aramearane frå Mesopotamia og aramearane frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.
3 Du har støytt oss bort, Gud, ¬og slege oss. Du var harm, ¬men reis oss opp att!
4 Du lét landet skjelva og rivna. Bøt no brestene! ¬Det står for fall.
5 Du lét folket ditt lida hardt, og gav oss ein vin vi tumla.
6 Men for dei som ottast deg, har du reist ei fane; dit kan dei røma for bogen.
7 Hjelp oss med di høgre hand, svar oss, ¬så dine kjære vert berga.
8 Gud har tala i sin heilagdom: «Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem og mæla opp Sukkot-dalen.
9 Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til, Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud, og Juda er min styrarstav.
10 Men Moab er mitt vaskefat, Edom kastar eg min sko. Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»
11 Kven fører meg ¬til festningsbyen, kven leier meg til Edom?
12 Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss og ikkje drog ut ¬med våre hærar?
13 Gjev oss hjelp mot fienden! Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.
14 Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk. Han skal trakka ¬våre fiendar ned.